Vikr

Bemanninga du treng. Når du treng den.

Du veit dei finst der ute. Dei er ledige, og dei vil gjerne jobbe. Du veit berre ikkje kvar dei er. Om dei kan. Eller korleis du skal nå dei.

Du har di eiga liste med folk du kan spørje. Men det tar tid. Og lista er trass alt avgrensa. Kva om du både kan spare tid og få tilgang til ein større ‘liste’?

Jelpr hjelper deg med akkurat det. Vi koplar rett og slett behovet verksemda di har for rask og kvalifisert arbeidskraft, med menneske som er tilgjengelege. Og har rett kompetanse. Så i staden for at du ringjer rundt for å finne ein som er ledig, kjem dei ledige til deg. På ein augneblink.  

Kundehistorier

Skaun kommune har 8 400 innbyggjarar og grensar mot Trondheim. Kommunen har seks barne- og ungdomsskular og sju barnehagar.

Den største utfordringa for kommunen var å ha nok tilkallingshjelp til alle barnehagane, og det gjekk med mykje tid til å planlegge vaktene.

Det første kommunen gjorde, var å invitere dei 100 faste tilkallingsressursane sine til Jelpr. Deretter såg dei på kapasitet og tilgjengelegheit for dei ulike personane og -- i samråd med dei -- delte dei mellom skulane og barnehagane. Med dette grepet fekk kommunen utført 30 % fleire oppdrag med dei same ressursane.

«Jelpr frigjer tid slik at vårt personell kan fokusere på kjerneverksemda vår – Skaun kommune tilrår andre kommunar å kjøpe Jelpr.»

Bygg opp og administrer ressurspoolen dykkar med Jelpr

Jelpr er eit verktøy som gjer det superenkelt for dykk å byggje opp og administrere ein eigen ressurspool. Vi Jelpr dykk med å byggje ressurspoolen, fylle på med nye dyktige personar, dele på tilkallingshjelp og varsle dei om ledige jobbar.

Jelpr kostar ingenting å bruke for tilkallingshjelpa og kun ein fast månadspris (frå kr 490,-) for arbeidsgjevaren. Jelpr har ingen bindingstid.

CV-bank for medlemsorganisasjoner

Medlemsorganisasjonar kan, saman med Jelpr, tilby medlemmene sine ein CV-mal skreddarsydd til deira profesjon. Dette er ein etterspurd medlemsfordel og eit godt verktøy når medlemmene skal forvalte si livslange læring. Skulle medlemmene ønskje seg ny jobb, kan dei enkelt justere innstillingane i CV-en sin og slik motta jobbtilbod direkte i CV-banken sin. Det er anonymt og trygt. For organisasjonen er dette også eit godt supplement til ein «stilling ledig-marknad» og eit viktig tiltak for å møte den aukande digitale konkurransen.

For vikaren

Du kan vere lærarstudent, surfedude på Stad, sjukepleiar eller arbeidslaus astrofysikar. Det de har felles, er at de vil arbeide litt, eller litt meir. Kanskje du er ute etter å få ein fot innanfor ein bransje? Vil du ha vikaroppdrag innan ulike sektorar, kan du registrere deg i databasen vår.
Du forpliktar deg ikkje til noko, og alt er heilt gratis!

Gevinster ved å bruke Jelpr

Gevinstar ved å bruke Jelpr

Du vil kunne

  • minimere bruken av vikarbyrå
  • optimalisere utnyttinga av ledig kapasitet hos tilkallingshjelpene
  • minske behovet for å rekruttere nye tilkallingsressursar
  • bruke mindre tid på varsling og oppfølging
  • få meir nøgde tilkallingshjelper
  • rekruttere nye tilkallingsressursar kostnadseffektivt
  • kunne dele tilsette og tilkallingsressursar mellom ulike einingar
  • tilby medlemsfordelar som byggjer lojalitet
  • planlegge bemanning kostnadseffektivt
  • få monaleg inntektspotensial (spesielt organisasjonar)

Registrer deg