Bygg opp og administrer ressurspoolen dykkar med Jelpr
Jelpr er eit verktøy som gjer det superenkelt for dykk å byggje opp og administrere ein eigen ressurspool. Vi Jelpr dykk med å byggje ressurspoolen, fylle på med nye dyktige personar, dele på tilkallingshjelp og varsle dei om ledige jobbar.
Jelpr kostar ingenting å bruke for tilkallingshjelpa og kun ein fast månadspris (frå kr 490,-) for arbeidsgjevaren. Jelpr har ingen bindingstid.
Hva sier våre brukere?
"Jelpr har vore heilt super for oss! Hillesøyskolen består av to skular og to barnehagar i tre ulike bygder. Vi har lagt inn tilkallingsressursane våre i både barnehagane og skulane og bruker ikkje noko anna enn Jelpr når vi skal innhente tilkallingshjelp. Tilkallingshjelpene gir også uttrykk for at Jelpr er enkelt å bruke.
For både oss og tilkallingshjelpene er det ei enklare løysing. Før ringte vi rundt, og brukte enormt mykje tid på å skaffe folk. Vi er veldig nøgde med Jelpr!
Tromsø kommune
Gevinster
- minimere bruken av vikarbyrå
- optimalisere utnyttinga av ledig kapasitet hos tilkallingshjelpene
- minske behovet for å rekruttere nye tilkallingsressursar
- bruke mindre tid på varsling og oppfølging
- få meir nøgde tilkallingshjelper
- rekruttere nye tilkallingsressursar kostnadseffektivt
- kunne dele tilsette og tilkallingsressursar mellom ulike einingar
- planlegge bemanning kostnadseffektivt
For deg som er arbeidsgjevar
Jelpr gjer det superenkelt for deg og verksemda di å sette opp varsling til faste vikarar. Du sender ut ei melding om vikarbehov, og det pip i mobilane til vikarane dine. Om ingen av dei kan stille eller ikkje svarer innan fristen du har gitt dei, kan meldinga gå ut til vikardatabasen vår. Der leitar Vikr etter dei som har den kompetansen du treng, og som er i ditt geografiske område.
Ein vikar er sjeldan vikar til evig tid. Med Jelpr har du verktøyet du treng for å planlegge for nye periodar og rekruttere nye vikarar. Jelpr vil sørge for kontinuerleg påfyll av nye vikarkandidatar.
Vikr kan prøvast gratis i ein månad og kostar deretter frå kroner 490,- per månad.