Vikr

Jelpr CV-bank og kompetansematch

Med Jelpr kan medlemsorganisasjonar tilby medlemmene sine ein digital CV som er skreddarsydd til deira profesjon, som har funksjonar som lettar administrasjonen av deira livslange læring, og som samstundes kan vere med å hjelpe medlemmen med å lande draumejobben.

Jelpr CV-bank gir medlemsorganisasjonar ein ny og etterspurd medlemsfordel – levert av ein norsk aktør der data blir lagra i Noreg, og alle personvernomsyn og regelverkskrav blir stetta.

Kva er gevinstane vi kan forvente å hauste?

De som organisasjon knyter medlemmene tettare til dykk. Gjennom å byggje ut medlemstilbodet med meir enn rabattar på hotell og rimeleg innbuforsikring, blir de ein viktig aktør i medlemmenes liv. Det er ofte ein del av organisasjonsmandatet å sjå til at medlemmene har dei beste lønns- og arbeidsvilkåra. Det er då like naturleg at de syter for at medlemmene har gode verktøy for å administrere karrieren sin og gode verktøy for å hjelpe dei å få draumejobbane.

Mange organisasjonar ønskjer også å kunne tilby annonsørane ein tradisjonell stillingsannonse saman med Jelpr kompetansematch. Slik syter dei for at annonsørane får den optimale kombinasjonen av å nå både passive og aktive jobbsøkarar.

Fleire organisasjonar ser kor viktig det er å tilby studentmedlemmer og dei medlemmene som er tidleg i arbeidskarrieren, eit verktøy som hjelper dei i gang, og som samtidig byggjer lojalitet til organisasjonen. Denne målgruppa er også enkel å kommunisere med, medlemmene er digitale i tankesettet og enkle å gjere om til CV-brukarar for organisasjonen.
Dette gjev nøgde medlemmer som blir verande i organisasjonen, og annonsørar som finn rett kompetanse på rett stad til rett tid.

Produkt - ikkje prosjekt

Jelpr CV-bank og kompetansematch er ei plattform som allereie er i bruk. Det er altså ingen usikkerheit knytt til utvikling og prosjektering. Det treng ikkje ta meir enn fire til åtte veker frå oppstart til CV-banken er i bruk hos medlemmene dykkar.

Kontakt oss for eit uforpliktande møte - Vi viser dykk korleis Jelpr kan gje medlemmene dykkar eit godt verktøy, og dykk som organisasjon eit konkurransefortrinn og eit nytt forretningsområde.

Slik fungerer Jelpr CV

Jelpr lagar ein CV-mal som er skreddarsydd ønska og behova til medlemmene dykkar. Basert på informasjonen medlemmene fyller inn, genererer Jelpr ulike funksjonar som kundane og medlemmene dine kan kople seg på, og høvesvis krysse av for om dei er på utkikk etter jobb, eller om dei er ny arbeidstakar. 
 Ein medlem som kryssar av for "arbeidssøkande" i CV-en sin, vil motta invitasjonar frå arbeidsgjevarar  som er på jakt etter kompetansen til akkurat denne medlemmen, som tilbyr arbeid i eit geografisk område som medlemmen ønskjer å bu og arbeide i.
Medlemmen vil motta invitasjonen og lese om stillinga. Først etter å ha akseptert invitasjonen, opnar ein CV-en sin for innsyn. Det er altså fullstendig anonymt og heilt på medlemmenes premiss.